Skuløy /Flemsøy
sett frå Ullaholmen

 

Skuløy eller Flemsøy eller Skuløy/Flemsøy
høyrer til Nordøyane og ligg nord for Ålesund.

For karthjelp, trykk her:
  
Fleire foto finn du frå startsida:  Startside


Frå Rogne

Øya har brusamband til Haramsøy og
vidare der i frå lyt ein bruke ferje til Skjelten
eller hurtigbåt som går mellom øyane, Haram
fastland og Ålesund.

Skuløy/Flemsøy har delt namn grunna problem med høge skigardar mellom grendene. Dei 4 grendene er Nogva lengst inn, så kjem Rogne, Longva og Flem.

Nogva er den minste grenda og er prega av sterkt redusert folketal med stadig høgre gjennomsnittsalder. Rogne har vakna litt til liv. Ein del yngre har slått rot og det er litt meir optimisme.

Longva er den største grenda. og har også den viktigaste verksemda; Rolls Royce Marine - Automation med over 140 industriarbeidsplassar. Her finn du også butikkar og serverings- og overnattingsverksemda Sjøbuda

Longva Servicesenter med bensin, storkiosk, maling, VVS, verktøy, verkstad m.m. er open støtt -

Flem er nest størst. Også her har det blomstra litt opp. Unge familiar har slått seg til ro. Karsten Flem AS som driv fiskemottak, er ei lønsam og viktig verksemd for øya.

Tidlegare var landbruket ei viktig næringsgrein, men talet på gradar har gått ned i takt med økonomiske krav om stordrift og sentralisering. Den yngre generasjon sin vilje til å satse på eit yrke under press er liten.

Øya er ikkje stor, her bur ca. 570 sjeler her. Men folk bryr seg om kvarandre og det er vanleg å slå av ein prat når vi møtest.

Naturen er storslagen. Vi har fjell (Skulen som er knappe 500 m o.h.) for dei som treng mosjon - med flott utsikt over heile kysten i fylket. Litt skog for dei som vil gøyme seg vekk. Og fjøra ut mot havet - havbåra som bryt mot sand og fjell - er ei oppleving i seg sjølv.
Ta også ein titt på sida Hordafjell.com.

Øya har eit rikt kulturliv. Det er samla litt innformasjon om dette på ei eiga side. 
Der finn du også turkart over øya. Klikk på
linken "kultur" under.

Kultur

Eg kan nemne eit spesielt rikt song og musikkliv, med kor, korps, storband og danseband.

Men også teater og kulturveldar.
Og sjølvsagt er det fotball.
For dei som ikkje vil springe etter lærkulå, er Nordøy idrettslag tingen. Trim og mosjon! Turløyper!

 

Og naturen er ellers rik på mange
flotte detaljar.
I fjøra kan ein finne dei mest utrulege fargar og formasjonar.

Her er eit rikt fugleliv. Derfor er her også værnesoner for hekkeplassar.

Frå dei store myrane er det henta ut mengder av gamle røter som fortel om ei tid med store skogar!

Dersom du er på jakt etter ein stad for fred, for tid til ettertanke eller for meditasjon, kan eg tilrå ei stud saman med havet - når det er stille eller kanskje viser krefter. 


Kveld ved "Klubben"


Frå Rogne (Hansgarden)


Longva Servicesenter


Sjøbuda på Longva


Hamna på Longva


Karsten Flem AS


Frå Longva


Kveldstemning Flem


Frå Longva


Sandvika


Bølger over Seiholmen


Berg og vatn i Sandvika


Del av Longva og Flem

Skal du oppleve Haram, bør du ta Nordøyane med i reiseplanen. Både Lepsøy, Haramsøy, Skuløy og Fjørtoft er vel verd eit besøk.

Til framsida (main)