|










Aviser:
Aftenposten
VG
DN
Dagbladet
Nettavisen
Sunnmørsposten
Bergens
Tidende
Firda
Tidend
Nyttig:
Søk
i TV-kanaler
Telefonkatalogen
Norgeskart
Norge
Hvor.no
Tid
i andre land
Været
Sol
opp og ned
Flo
og fjøre
Gravminner
Ordbok
Ordbok
mange språk
Google
oversetter
Kommuner:
Haram
Gloppen
Startsider:
Startsiden.no
start.no
sol.no
online.no
hotmail.com
Rutetabeller:
SRB
FJORD1
ÅBR
Båtsider:
Baatnett
ABC
baat
Boat.no
Finn.no-Båt
Båtbørsen
Kgl.Norsk
Båtf.
Båttrafikk
Datatryggleik:

F-Secure
Mat:
Kjøt
Fisk
|
|

Har laga ei lita
heimeside om meg og mitt og det i nærleiken......
Dersom du er interessert i foto, natur og litt kultur, ja då kan du gjerne
ta ein rundtur
på denne heimesida. Skulle kanskje vore litt meir aktiv når det gjeld
politiske spørsmål
som gjeld kommunen, men det er travelt å følgje opp, kanskje kunne eg kome
med eit
lite sukk iblandt om ting og tang som eg veit grasrota her ute er opptekne
av....t.d.
vindmøller, fastlandssamband (Nordøyvegen), ferjeruter og kapasitet,
vêret...
Vindkraftverk
Det er gjeve grønt lys for vindkraftverk på Haramsfjellet frå Olje- og
Energidepartementet
si side. Ei katastrofe for den sårbare naturen her ute, for turismen og
for busetnad.
Det vil nok verte vanskeleg å få folk til å busette seg her, når den
viktigaste fordelen
ved å bu usentralt vert borte; EIT UTRULEG FLOTT HAVLANDSKAP.
Ymse
Fant ei side på nettet som heiter Hvor.no. Gode bileter over Norge ned til
greie
detaljar. Har lagt inn ei lenke til venstre på sida. Prøver å leggje
ut lenker til sider
som kan vere til litt nytte. Elles er det høve å skrive nokre ord
i gjesteboka!!
Skuløy/Flemsøy
Her ute i havgapet - i eit lite samfunn - er det eit
fint miljø og ein spesiell natur med skiftande ver og lys. Ja, det kan skifte så fort at vi har alle årstider på ein dag.
Adressa er 6293 Longva. I menyen finn du kart og litt meir om øya.
Turterreng
Det er eit fint turterreng på øya. Både i fjell og i fjøre. Frå
fjelltoppen Skulen (ca. 500 m) er det kjempefin utsikt over
Sunnmørskysten. Nordøy Idrettslag har merka turstiar.
I 2009 vart det før første gong laga skiløyper med snøscooter og
løypeslede. Løypene
vart mykje brukt.
Eg har også lagt inn eit turkart.
Foto
Ein av hobbyane mine er fotografering. Det er mange flotte fotomotiv på
øya og som sagt eit skiftande lys. Eg har lagt inn del foto på sida.
Du finn dei i fotogalleriet samt på ein del andre sider. Under "Litt
av kvart" ligg der foto frå ein del hendingar. For at det skal gå raskt å laste
sidene - er bileta lagt inn i låg
oppløysing - det går dessverre ut over kvaliteten. Hovudmengda av bileta er henta frå lokalmiljøet, så her kan du finne både folk og fe
og natur på Skuløy/Flemsøy.
Kor For Oss
I blandakoret Kor For Oss har vi det triveleg. Eg har
lagt inn ein del informasjon om koret og foto frå nokre av våre
konsertar/turar. Sjekk menyen. Koret har også ei eiga side
som er under opparbeiding. Den heiter
korfoross.com.
Gamleskulen på Flem
Gamleskulen på Flem er blitt ein kulturbærar i bygda. Den vert
halden vedlike og driven av laget "Gamleskulen". Meir info på eiga side
her.
|